I 2020 kom Monica sine tvillingar Arthur og Leander til verda. I 2021 fødde Mari Ada og Aksel. Og i 2022 såg Lovise sine gutar Isak og Jakob dagens lys.

Lovise bur på Raudeberg, mens Monica og Mari bur på Halsør. Og på Raudeberg er det også eitt anna tvillingpar i barneskulealder som dei veit om.

– Det er kanskje ikkje så rart at folk seier at det må vere noko i vatnet her, smiler Monica.

Noko heilt spesielt

Å få tvillingar er noko heilt spesielt. Det forandrar kvardagen totalt.

Lovise, som har Jenny Marie (8) og David (7) frå eit tidlegare forhold, hugsar godt då ho og mannen John-Martin tidleg i svangerskapet oppdaga at dei skulle bli tvillingforeldre.

– Vi var på ultralyd i veke 8, og då sa dei berre at «her er to». Det første vi begynte å snakke om var at vi måtte ha større bil, og vi begynte å telje over soveromma i huset, ler Lovise.

Ingen av dei har nokon i nær slekt som er eller har tvillingar. Og ingen av dei visste kva det ville seie å vere foreldre til tvillingar før dei fekk erfare det sjølve.

Råda om korleis dei burde gå fram var mange. Det var blant anna viktig å prøve å få tvillingane til å sove samtidig og ete samtidig. La dei bli samkøyrde.

– Eg trur kanskje det er dei utan tvillingar som seier at ein må samkøyre barna. Men det passar ikkje alle, seier Mari og smiler.

– Det går i alle fall ikkje for oss. Jakob og Isak er to ulike personar med ulik rytme, seier Lovise.

Her er dei tre tvillingpara frå Raudeberg og Halsør samla. Foto: Kjellrun Åsebø

Gleda av å vere to

Alle dei tre mødrene er einige i kva som er det kjekkaste med å ha tvillingar.

– Det er utan tvil gleda over at å legge merke til kor tidleg dei ser kvarandre. Jakob og Isak er no sju månadar gamle, og dei blir så glade av å sjå kvarandre, seier Lovise.

Ho synest også det er fascinerande å tenke på at dei er to menneske som veks opp saman, er like gamle og skal dele livet saman.

– Det er jo veldig spesielt å vere tvilling.

Monica fortel om episodar der Arthur og Leander ser kvarandre etter for eksempel å ha leika med andre eller den eine kjem heim og ser den andre:

– Det er ei slik enorm gjensynsglede.

Arthur og Leander leikar koseleg saman. Foto: Kjellrun Åsebø

– Korleis har livet forandra seg etter at de fekk tvillingar?

– Eg må jo planlegge alt heile tida. Og det er ikkje alltid eg får til det heller, smiler Monica.

– Hadde eg hatt eitt barn kunne eg brukt begge armane på det og tatt det med. Eg hadde vore friare. Med to begrensar det seg litt kva du kan gjere raskt, seier ho.

Mari er einig.

– Nokre trur kanskje at det er som å ha to barn, men det er meir enn dobbelt opp. Du står og steller den eine, men med foten på vippestolen der den andre sit. Du syng til barnet i vippestolen, medan du snakkar til barnet på stellebordet, ler ho.

– Og når du skal ut kan du liksom ikkje berre ta den eine under armen og gå. Du blir kreativ med tanke på å finne løysingar, seier ho.

– Vi har fire ungar og kjenner verkeleg at vi lever. Torsdagar er aktivitetsdag for dei to eldste, og då er det berre bang-bang-bang. Du går dit og du går dit, seier Lovise.

Full rulle

I stua der Fjordenes Tidende er på besøk er leiken i full gang. Dei litt større barna kosar og leiker med dei minste tvillingane. Resten av tvillingane dunkar og bankar på ting, ler, et, stablar klossar og syng.

– Det som er så morosamt er at dei er så ulike som personar. Jakob er roleg, tolmodig og alltid blid, medan Isak er utolmodig og vil ofte ha merksemda vår, seier Lovise.

Storesøster Jenny, som er sikker på at tvillingane godt veit kven ho er og at ho passar på dei, har sin eigen måte å sjå kven som er kven:

– Eg ser forskjell fordi Jakob har bollekjakar og det har ikkje Isak. Og Isak har lengre hovud enn Jakob, seier Jenny.

Trygt på skuldra til pappa John-Martin Husevåg Vederhus. Ser du kven av tvillingane han held på? Foto: Kjellrun Åsebø

Handling er marerittet

Sjølv om tvillingar gir mykje glede i livet, legg ikkje mødrene skjul på at det også er utfordringar.

– Handling er eit mareritt! Det er vanskeleg. Du har to bilstolar og to ungar. Kor gjer du av dei? Har du vogna med, er det også begrensa kva du kan putte under av varer, seier Lovise.

– Og det blir ikkje lettare når dei blir litt større heller, for i ein periode er dei overalt, ler Mari.

– Det er faktisk heilt håplaust. No når dei har blitt litt større går eg rett til bleiene først, og så får dei sitte nede i vogna på bleiepakningane, seier Monica.

Mari oppfordrar daglegvarebutikkane til å ta inn handlevogner med doble seter for både baby og litt større barn.

Diskusjonen går om tronge fortau og inngangar til butikkar. Om butikkar der ting er plassert slik at det gjer det vanskeleg eller umogleg å komme forbi med ei tvillingvogn.

– Det er ikkje så mykje å gjere med trange inngangar til butikkar, men inne i butikkane kan kanskje personalet eller butikksjefane tenke endå meir på plassering, seier Lovise.

Det er ofte vanskeleg å buksere seg gjennom kasseområdet med ei stor vogn eller ein rullestol om det er mange ting plassert der. Dei er også einige i at avdelingane i butikkane der barnemat og bleier er, ofte veldig tronge.

Å møte på folk som hjelper til er kjærkome.

– Det er veldig kjekt når folk ser at ein kjem med to små og lukkar opp dører og eller gjer andre småting som gjer det lettare å komme rundt, seier Monica.