Djuvik er 42 år, har tre barn, og er fødd og oppvaksen i Florø. Han jobbar som seniorrådgjevar i næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst, der han blant anna er dagleg leiar for reiselivsselskapet Måløy Adventure AS.

Djuvik har vore folkevald sidan 2003, og har på den tida vore innom fem ulike folkevalde organ. I tillegg til Flora bystyre og Kinn kommunestyre, har han vore valt inn i både Førde bystyre og Sogn og Fjordane fylkesting.

Djuvik sit i dag på fylkestinget i Vestland, der han og er Frp sin fraksjonsleiar for samferdsle.

13 frå sør og ni frå nord

Djuvik er svært nøgd med partiet si liste i Kinn. Av dei 22 kandidatane på lista er det 13 namn frå den søre delen av kommunen, og ni namn frå den nordre delen.

– Sjølv om vi sjølvsagt skulle ønske oss endå fleire kandidatar frå heile kommunen, så er vi godt nøgd med at vi har god geografisk balanse på lista, seier han.

Etter Djuvik på lista, så kjem Miriam Nesje frå Florø og Kjell Bjørn Refvik frå Raudeberg. Desse er dei tre kumulerte kandidatane på lista. Nesje sit i kommunestyret i dag, og har tidlegare vore folkevald i Flora bystyre. Refvik har tidlegare vore folkevald i Vågsøy kommunestyre.

NummerNamnFødselsårBustad
1Frank Willy Djuvik1979Florø
2Miriam Nesje1970Florø
3Kjell Bjørn Refvik1971Raudeberg
4Kjell-Magne Kvalheim1952Måløy
5Unni Giil1948Florø
6Martin Inge Eikås1962Florø
7Bjarne Holme1964Florø
8Ronny Mobakken1975Raudeberg
9Borys Sukhanyk1972Raudeberg
10Anders Haave1956Stavang
11Ståle Melvær1969Deknepollen
12Daniel Holme2001Florø
13Stig Flølo1973Deknepollen
14Kjell Åge Bendiksen1978Florø
15Frode Holme1970Florø
16Per Olav Hauge1971Måløy
17Runar Silden1968Florø
18Kristian Æsøy1987Sør-Skorpa
19Atle Per Jansen1950Florø
20Rolf Grønnevik1946Florø
21Jan Madsen1946Raudeberg
22Magne Sætren1939Måløy

Trur på minst fem representantar

Djuvik meiner at partiet har potensial til å få minst fem representantar i kommunestyret etter haustens val, og håpar på endå fleire.

– Vi får mykje positive tilbakemeldingar på den jobben vi gjer, og mange peikar på den splittinga og manglande politiske styringa som har vore når parti som Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Venstre har styrt kommunen med vekslande fleirtal i perioden som har vore, seier han, og held fram:

– Eg trur at veljarane er opptekne av at politikarane klarer å samarbeide til det beste for innbyggjarane og kommunen, og der har Frp prøvd å vere konstruktive gjennom heile perioden.

– Må vere ei ja-kommune

– Med det fantastiske næringslivet og den frivillige sektoren vi har i kommunen, kombinert med dei naturgitte føresetnadane vi har langs kysten, så er det eigentleg naturstridig at vi ikkje har fått til ei betre utvikling og vekst i kommunen. Og mest av alt handlar nok det om at vi har vore mest oppteken av å krangle med oss sjølv, heller enn å samarbeide om å finne dei gode løysingane, legg Djuvik til.

Kinn FrP har starta arbeidet med å utarbeide eit lokalprogram for kommande valperiode, og Djuvik reknar med at det vert klart og offentleggjort i løpet av april. Men han kan likevel røpe nokre av dei viktigaste satsingane partiet vil gå til val på.

– Skal vi lukkast på kysten, så må vi legge best mogleg til rette for at næringslivet kan etablere arbeidsplassar som genererer skatteinntekter til kommunen. Då må kommunen vere ein ja-kommune som gjer best mogleg rammevilkår for næringslivet i form av låge skattar og avgifter, tilgang på infrastruktur som vegar, vatn, breiband og areal, samt vere ein best mogleg kommune og bu i og flytte til. Utan at vi legg til rette for gode oppvekstvilkår og bulyst i kommunen, så vil vi tape kampen om ungdommane og arbeidskrafta i framtida, avsluttar Djuvik.