Sidan juni har det stått stille i Myklebustdalen med Statnett sitt arbeid på Ørskog–Fardal-linja. Statnett har no igjen gått til Namsmannen for å få tilgang til Myklebustdalen.

Etter at Olje- og energidepartementet i september heldt fast på at konsesjonsvedtaket for 420 kBV-linja gjennom Bremanger var teke på rett grunnlag, har det stått stille i Myklebustdalen. Det er NRK som melder dette.

Statnett har via advokat kravd tilgang til området for å halde fram arbeidet med kraftlina gjennom tvangsfullbyrding. Forhandingane har ikkje ført fram og det blir opp til namsmannen å avgjere om Statnett får tiltrede. Namsmann i Bremanger er lensmann Hans Rune Strandos.

– Namsmannen i Bremanger tok imot i slutten av september eit krav frå advokaten til Statnett om tilgang til området i Myklebustdalen der kraftlina skal gå, seier Strandos, og forsikrar om at handsamiinga skal gå raskt.