Operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane Politidistrikt opplyser at dei stadig får inn melding frå folk i fylket som klagar på at hundar går lause.

Dei går no ut med ei sterk oppmoding til hundeeigarar om at dei respekterer bandtvangen som gjeld.

Spesielt når det er løpetid så går dei i andre sine hagar og på andre sine hundar.

Det er heller ikkje noko kjekt for ungar og andre som er redde for leikne hundar, seier operasjonesleiar i politidistriktet, Agnar Dregelid til Fjordenes Tidende.

- Det forpliktar å ha hund, seier han.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende