Jan-Ole Kongsvik skal bli pappa i slutten av juli, men midt i all glede og forventning ser han og sambuaren mørkt på kvardagen med barnevogn. Huset deira på Raudeberg manglar vegtilkomst, noko som medfører at familien må forsere tallause trappetrinn enten opp til Øvrevegen eller ned til riksveg 617 dersom dei skal nokon plass.
Nokre av naboane har venta i over 40 år på ein veg som dei meiner kommunen har lova dei. No er tolmodet slutt.
- Folk bygde hus her fordi vegen var innteikna i reguleringsplanen. Vi stolte på at dette var skikkelege planar som ville bli følgde opp, seier Dagfinn Hessevik, som har arbeidd for å få realisert vegen sidan han bygde huset sitt i 1973.
I 2000, etter å ha arbeidd med saka i det stille i årevis, sende Hessevik ein forespørsel til kommunen om vegtilkomst. Ifølgje Hessevik hadde kommunen på denne tida avgrensa kapasitet til reguleringsarbeid og valde derfor å prioritere andre prosjekt.
Hessevik la på vegner av dei veglause bebuarane fram fleire skisser til mulege løysingar.
Seinare har Dagfinn Hessevik, Roy Haugen, Nils Rasmus Andal, Hans Ole Eide (som representant for mora, Dagmar Eide) og Jan-Ole Kongsvik gått saman om Gartnerløkka BA i eit forsøk på å få fortgang i vegprosjektet.
- Vi fem oppsitjarane har teke opp 400.000 kroner i lån og kjøpte naboeigedomen i fellesskap. Sidan har vi fått fagfolk til å planleggje vegen. Planane har vi lagt fram for kommunen, men så har det stoppa opp, fortel Haugen.
Også kostnadene med bygginga er oppsitjarane villige til å ta sjølve. Dei krev no at kommunen stiller opp slik at prosjektet kan kome i gang.
Arealplanlegger Arne Åsebø i Vågsøy kommune opplyser at reguleringsplanen for Gartnerløkka truleg blir lagt ut for offentleg ettersyn om kort tid.
Les heile saka i papiravisa fredag 11. juni.