Navn: Bjørnar Kvernevik Alder: 33 år Sivilstand: singelYrke: motormekaniker hos Båtbygg A/sBustad: Kvennjevikja

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er det å få tilbake helsa mi. Utan helse stoppar det meste opp. Eg gler meg til å få gå på jobb igjen, kunne gå på fjellet og som dattera mi på tre og eit halvt seier: Når du har skifta hofte pappa, då skal vi turne og stupe kråke.

– Kva gjer du på fritida? – Eg tilbringe mest mogleg tid med dattera mi Ronja Olin og onkelungane mine Sofie og Amalie. Til vanleg skrur eg mykje på «prosjekta» mine, som er bilar, båtar og motorar, men helsa har hindra dette dei siste åra.

– Kven beundrar du? – Eg beundrar foreldra mine og Anne-Britt, mor til Ronja Olin. Foreldra mine står på og hjelp alle uansett i tjukt og tynt. Og Anne-Britt er utruleg god og flink med dattera vår Ronja Olin.

– Kva er det beste med heimstaden din?– Lærdommen frå dei som ikkje er her lenger, fridomen og dei fantastiske folka som bur her. Eg er glad for å ha vokse opp som fiskarbonde på gardsbruk, og har lært mykje om gardsbruk og sjarkfiske frå foreldre, besteforeldre, onklar og tanter. Eg har lært mykje om arbeid og å nytte naturen. Sjølv om vi ikkje driv gard lenger er eg glad for å ha vore med på det.

– Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende? – Alle skular, barnehagar og sjukeheim/eldretun i Selje kommune er sikra midlar og drift i all framtid.

Kva hadde du gjort om du var ordførar for ein dag? – Det hadde eg ikkje likt, syting og klaging frå folk på sosiale media for alt ein gjer og ikkje gjer, fristar lite for meg.

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Gatebiltreffa eg har vore på med kompisgjengen sitt best planta. Sjølv om ikkje alle ser på bil som kultur, er det stort for oss som er interesserte. Eg vil samanlikne det med at ein som er fotballinteressert reiser til England på ein storkamp mellom dei laga som er der borte. Null fotballinteresse her i garden.

– Kva har du på nattbordet? – Eit bilde av og ei teikning frå Ronja Olin og eit glas vatn.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Fjt, NRK Sogn og Fjordane, Snapchat og Facebook.

– Kva er meininga med livet? – Meininga med livet er famile, vener, opplevingar og å lære nye ting. Ikkje gi opp når ting blir hardt.