Ein mann i 50-åta frå ytre Nordfjord må sone 45 dagar i fengsel for at han ikkje førte rekneskap for bedrifta som han hadde i to år.Fjordane tingrett omtalar dette som eit graverande brot på rekneskapsplikta, og finn difor av ålmennpreventive omsyn at det må reagerast med fengsel utan vilkår.
Mannen dreiv sitt eige firma og var dagleg leiar og styreleiar. Selskapet vart starta i 2006 og vart drive fram til 2008 då det vart tvangsoppløyst. Selskapet dreiv med detaljsal av varer.
Mannen leverte heller ikkje inn sjølvmelding og næringsoppgåve for selskapet i deler av denne toårsperioden.
Han betalte heller ikkje moms for omsetninga i selskapet.
Omsetninga i 2006 var på rundt ein million kroner og knapt 600.000 kroner i 2007.
Tiltalte har tilstått forholda, og forklarte i retten at han hadde ein del problem med helsa.