Over 50 av innbyggjarane i området rundt Rugsund hadde funne vegen til Kolset oppvekstsenter for å høyre og få detaljinformasjon frå byggherren. Og prosjektleiar Susanne Svardal frå Statens vegvesen fekk få eller ingen kritiske merknader frå bygdefolket. Denne vegen har dei venta på lenge og Svardal fekk applaus frå tilhøyrarane etter at ho var ferdig med sin presentasjon.
Kort sagt er det vi som byggjer landet med hjelp av ny infrastruktur. Vi står no i startfasen av eit viktig prosjekt for dette området, som også er ein vesentleg del av 45-minuttsregionen, kunne Svardal fortelje.
Les heile saka i papirutgåva onsdag 9. juni.