Grøn ertesuppe er ein enkel og elegant klassikar som kan varierast på mange vis med forskjellig garnityr.

Denne oppskrifta er til fire porsjonar.

Dette treng du:

2 sjalottlauk hakka2 fedd kvitlauk2 ss smør1 kvist timian½ kg grøne erter, gjerne frosne7 dl kyllingkraftSalt og pepar2 dl fløyte

Fres løk og kvitløk i panna, og ha i timiankvisten.

Ha så i ertene og krafta, lat det heile koke godt opp før du køyrer det heilt glatt i ein blender eller med ein stavmiksar.

Sil av og smak til.

Pisk fløyta til luftig krem og vend den inn når du varmar opp suppa til servering.