Janne Endal Andersson skal til Oslo onsdag for å overlevere den rosa Moods of Norway-dressen til statsminister Jens Stoltenberg.

Andersson vil overrekke den rosa dressen som statsministeren skulle få under sjukehuskonserten i Operahuset på Nordfjordeid, "Stemmer frå Sogn og Fjordane".

I tillegg skal eg overrekke dei handlaga ringane som vart laga til Jens, Anne-Grethe, Liv Signe og Kristin.

Teksten som Andersson brukte under konserten var:

"Kjære Jens. Kunst og kultur er viktige inspirasjonskjelder for nytenking, utvikling og innovasjon:

Med dei kreative uttrykka som vi har sett og høyrt her i Operahuset Nordfjord i kveld, vil vi inspirere deg og regjeringa di til å finne konstruktive løysingar for ei vidare utvikling av Nordfjord sjukehus, og gjere det til ein føregangsmodell for korleis eit framtidsretta sjukehus kan og bør drivast!

Så difor kjære Jens vil vi gje deg ei gåve frå folket her i Nordfjord som du kan ta på deg når du treng inspirasjon til å finne kreative løysingar i vanskelege saker: ein rosa Moods of Norway dress!

I tillegg har vi kvar si kortreiste gåve, akkurat slik som vi vil at akutt- og fødetilbodet skal vere, kortreist: til deg Jens, Anne-Grete, Kristin og Liv Signe.

Det er personlege og heilt unike ringar, som er handlaga av den lokale gullsmeden Bergart rett her nede i Eidsgata:

Til Liv-Signe Navarsete: Begeistring

Til Kristin Halvorsen: Engasjering

Til Anne-Grete Strøm-Erichsen: Inspirering

Til Jens Stoltenberg: Regjering"