Drage viser til at det no er to år sidan ein kommunalt tilsett køyrde ned og øydela skiltet som skal fortelje tilreisande om kva og kvar dei kan finne ting på Stadlandet.
2- 300 meter før skiltet kjem ein til ein skilt som fortel at ein rundt svingen vil finne informasjon, men det har slett ikkje vore tilfelle dei siste to åra, seier Mathias Drage.
Drage, som driv eige firma på Leikanger, meiner at det er for gale at ein kommune som i vedtaks form har sagt dei satsar på turisme ikkje gjer meir for å fortelje tilreisande om tilboda som er i Selje og på Stadlandet.
Drage seier at det vert snakka om kor viktig reiseliv er og kor viktig det er med positivitet og omdømebygging.
Tenesteleiar for den avdelinga, Anita Otneim Hoddevik, seier at dei er klår over at skiltet rett før Leikanger ligg nede, men at dette er ei forsikringssak.
Heile saka finn du i papirutgåva onsdag 16. februar.