Leiar i Norges Fjordhestlag Janne Seilen, og leiar i Fjord Horse International Nils Ivar Dolvik, fekk laurdag kveld overlevert eidahjartet i sølv av ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, under festmiddagen på Hingsteutstillinga på Nordfjordeid.

Ordføraren forklarer at overleveringa var ei markering av at det i år er 150 år sidan den fyrste hingsteutstillinga for fjordhest i Nordfjord. Den blei halden i Hornindal i 1866).

- Og det er også 130 år sidan den fyrste hingsteutstillinga på Nordfjordeid i 1886, seier Bjørlo.

Utstillinga har sidan vore ein årviss tradisjon.

Eid kommune ønskte å takke for innsatsen med å overrekke eidahjartet i sølv.

- Vi vil frå Eid kommune si side takke fjordhest-organisasjonane for den flotte jobben dei gjer med å ta fjordhest-arven vidare til nye generasjonar. Det er utruleg gledeleg å sjå den store fornyinga som for tida er i fjordhestmiljøet, og den aukande internasjonale merksemda om fjordhesten, seier Bjørlo.

Det er i år fleire internasjonale gjester på hingsteutstillinga enn nokon gong. Cirka 70 gjester frå 10-12 land er med på utstillinga, mellom desse hestefolk frå både USA, Canada og Australia.