- Eg trur styret vil gå for administrasjonen si tilråding i møtet den 18. juni, seier avdelingsleiar på fødeavdelinga Linda Grotle Hauge.

Bente Espelund Eikås, som er hovudtillitsvald for jordmødrene i Helse Førde, og Sissel Ommedal, som er plasstillitsvald for jordmødrene ved Nordfjord sjukehus, uttrykkjer at dei synest administrasjonen si tilråding er trist. Til liks med Grotle Hauge har heller ikkje dei noko tru på at styret i Helse Førde kjem til å snu i denne saka.

Dette er tøft, men eg synest at vi skal avvente Helsedirektoratet sitt arbeidsdokument «Eit godt fødetilbod» før ein konkluderer. Resultatet her vil bli avgjerande, seier Espelund Eikås.

Les meir om striden rundt Nordfjord Sjukehus i papirutgåva onsdag 16. juni.