Ein person laga bråk og gjorde skadeverk utanfor eit hotell i Måløy seint onsdag kveld.

– Personen oppførte seg aggressivt. Vedkommande kasta stein og gjorde skadeverk på bilar i gata, opplyser politioverbetjent Morten Hagen ved Måløy politistasjon til Fjordenes Tidende.

Personen var aggressiv mot forbipasserande, også mot politiet då dei kom til staden.

– Personen vart teken hand om, og sett i arrest over natta, seier Hagen.