Fv. 5715 mellom Holvik og Vågsvåg stenger tysdag kveld og forblir stengt fram til tidleg morgon onsdag.

– Det skal utførast støyping av rekkverkskantar i betong, skriv fylkeskommunen.

Det blir ikkje mogleg å passere i eit tidsrom på åtte timar.

– Naudetatar får passere, opplyser fylkeskommunen, som også har sendt tekstmelding til alle innbyggarar.