Så fort han blei gammal nok, begynte han å ta vakter på Mowi sitt anlegg Flåtegrunnen i Skorpefjorden, der far hans jobba.

– Det stemmer, det. Rett før eg fylte 16, bekreftar Bjørn André.

Tok ein omveg

Men han stifta bekjentskap med næringa lenge før det. Han var med pappa på jobb i helgane og elles når det passa seg frå barnehagealder av og fram til 9-10 årsalderen. Då var det ikkje lenger lov for dei tilsette å ha med seg ungane på jobb. Men så fort han fylte 16 og kunne ta betalte vakter, var han som sagt på plass igjen.

– Har du alltid visst at det var i oppdrettsnæringa du hadde framtida di?

– Nei, det er stikk motsett! Planen var noko heilt anna frå barndommen av; eg skulle bli tømrar. Så første året på vidaregåande byrja eg på bygg og anlegg, fortel han.

Men allereie etter eit halvt år skjøna han at tømraryrket eigentleg ikkje var for han likevel.

Så kva gjer ein då, når ein hoppar av midt i eit skuleår, 16 år gammal? Jau, då er vegen kort tilbake til kjende forhold, og på Flåtegrunnen tok dei mot han med opne armar fram til neste skuleår byrja. Og frå då av stod vel kursen beint mot havbruksnæringa?

– Nei! Då var draumen å bli styrmann. Så hausten 2014 å byrja eg på TIP i Florø, og året etter kom eg inn på maritim i Måløy.

Men så kom ein aktiv haustferie med Bjørn André i full sving med avlusing på anlegget.

– Og det hadde vore så kjekt, med mykje variert arbeid... Då kjende eg at det var dette eg ville drive med, fortel han, og dermed var det duka for det siste svingen i utdanningsløpet: Han gjekk over på akvakultur. Han hadde allereie karakterar i realfaga, så det einaste han trong var programfaga. Våren 2017 var han klar for lærlingetida. Då kom alle timane på Flåtegrunnen til nytte: Med så mykje erfaring frå yrket som Bjørn André hadde, fekk han nedsett læretid, så på forsommaren 2018 stod han med fagbrev i handa.

Påverkar miljøet på godt og vondt

Han ser likskapar mellom det første yrkesvalet sitt, tømrar, og det han driv med i dag.

– Det er kjekt å sjå at ting blir til, og slik er det jo også i oppdrettsnæringa: Vi driv matproduksjon, og det er givande i seg sjølv at du jobbar med noko folk treng.

Bjørn André er sjølvsagt fullt klar over kritikken mot næringa han har valt, der forskarar og miljøforkjemparar meiner at næringa har ein veg å gå i høve utfordringar med forureining og dyrevelferd for laksen, mellom anna.

– Vi driv matproduksjon, og som mykje anna, påverkar vi òg områda og miljøet kring oss, både på godt og vondt. Men produksjonsmessig er lakseoppdrett den mest bærekraftige proteinkjelda vi har. Karbonutsleppa er låge i høve matproduksjon på land. Miljøundersøkingar gjort på toppen av produksjonssyklusen for å måle påverknaden på sjøen, viser at vi har god kontroll, men at ein kunne fått endå betre kontroll i lukka anlegg. Nokre parameter har ein ikkje har kontroll på i eit ope anlegg; algeoppblomstring, manetar som kan vere ein trussel, eller, slik vi har sett mange tilfelle av dei seinare åra - makrellstørje som har torpedert merder og ført til rømming. Det ville aldri skjedd i eit lukka anlegg. Men eg er for den driftsforma vi har i dag. Skal alt oppdrett bli landbasert må store landområde nærast raserast. I tillegg vil det krevje mykje energi, og med store deler av Europa i energikrise, er det inga god løysing slik situasjonen er i dag.

– All matproduksjon har positive og negative sider, seier Bjørn André om kritikken mot oppdrettsnæringa. Han trur ikkje landbaserte anlegg er vegen å få slik energi situasjonen i Europa er no.

Han har heller ingen problem med å underbygge kvifor han meiner det nylege forslaget frå regjeringa om ein grunnrenteskatt på 40 prosent for havbruksnæringa er feil.

– Dette er ei næring som er bygd opp stort sett på eigne bein, utan særleg bistand frå staten si side. Så at ein no skal inn og krevje tilbake enorme summar basert på tidlegare feilvurderingar, blir feil. At ein ikkje tok seg betalt for konsesjonar i starten kan ikkje ha tilbakeverkande kraft i dag.

Åleine igjen på øya

– Det er fellesskapen sine areal som blir bandlagde til denne produksjonen?

– Men det er oppdrettaren som står med risikoen. Målt mot tradisjonelt fiskeri, så er båten den risikoen reiaren har medan han hentar opp ressursane. For oppdrett er det utgifter og risiko heile vegen, frå rogn til filet - og det er mykje som kan gå gale undervegs. Det finst sjukdommar ein framleis ikkje har behandling mot, som ILA (infeksiørs lakseanemi, ein smittsam virussjukdom, journ.anm.). Får ein det når fisken er for liten til å kunne slaktast, er einaste alternativet å destruere den. Då er det reint tap, det du har av utgifter vil du ikkje få dekka, slår han fast.

Bjørn André er ein av åtte fast tilsette på Flåtegrunnen. Anlegget er spesielt, fordi han har to kvinnelege kollegaer som er driftsteknikarar, pluss ein kvinneleg sjef på anlegget.  Foto: Liv Standal

Men han ser på næringa rik på moglegheiter, og så lenge han trivst med arbeidet, meiner han at han har ein trygg og god arbeidsplass.

Han har busett seg i Rognaldsvåg, men er usikker på om det vil bli slik i framtida også.

– Eg er nok den einaste som har vakse opp her dei siste tjue åra som bur og jobbar her. Elles er folk flytta, og dei fleste fer til Bergen.

– Korleis kjennest det?

– Nei, det er jo mangelvare med folk på min alder, då. Snittalderen her ute er nok over 50 år.

– Det gir deg ikkje lyst å flytte, då?

– Jau, det gjer eigentleg det. Det er mest jobben som held meg her. Eg kan sjølvsagt flytte inn til Florø, men noko særleg lenger vekk enn det er ikkje så gunstig. Ein veit jo aldri, men sjansen for å finne seg ei å dele livet med her ute er ikkje så stor, erkjenner han.

Og då kan Florø vere eit alternativ.

– Dei fleste eg har vakse opp med har som sagt reist litt lenger sørover. Skulle det dukke opp jobbmoglegheiter andre stader, må ein sjølvsagt vurdere det òg. Men det ligg no litt inn i framtida.