Myr eller utvikling?

Her ønsker Stad kommune å bygge den nye brannstasjonen i Selje. I framtida er det også tenkt at resten av området vil kunne bli nytta til utvikling av bygda. Men meiningane rundt dette har vore mange.

Her får du saka kjapt samanfatta.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Her er det fullt

Fram til den nye reguleringsplanen for Selje er klar, har nemleg Nabben vore den einaste plassen det har vore lagt til rette for framtidig utbygging. Men her det vore fullt i mange år.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Måtte sjå innover

Då arbeidet med reguleringsplanen for Selje sentrum blei starta opp i 2020, blei området ved Hamremyra og Saramarka derfor innlemma i planavgrensinga etter å ha blitt behandla i utval for areal og eigedom.

Tenesteyting og forretningar

I arealdelen er området sett av for å for å huse framtidig offentleg eller privat tenesteyting (rosa) i tillegg til forretningar (blå). I den minste rosa delen er den nye brannstasjonen foreslått bygd.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Vedtok bygging

Under fjorårets siste møte i Stad kommunestyre, då dei skulle avgjere kvar den nye brannstasjonen skulle ligge, var området på Hamremyra eitt av fem alternative lokasjonar. Til slutt gjekk eit fleirtal inn for å bygge den nye stasjonen nettopp der.

Les saka her.

Men ikkje utan kritikk

Området er nemleg del av eit større myrområde i bygda.

– Det må bli slutt på unødvendig nedbygging av myr og anna sårbar natur. Når det politiske fleirtalet i Stad med Ap og Sp i spissen vil gå laus på eit myrområde for å bygge ny brannstasjon i Selje, er det eit klart brot på alle nasjonale råd og føringar.

Det sa tidlegare Stad-ordførar, og no stortingsrepresentant, Alfred Bjørlo (V), etter at vedtaket blei kjent.

Les saka her.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nasjonalt forbod

Han viste mellom anna til eit forslag frå Miljødirektoratet som ønsker eit nasjonalt forbod mot nedbygging av myr, i tillegg til NRK si avdekking i januar 2024 av det enorme omfanget av ukontrollert nedbygging av sårbar natur i Norge.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Løfta saka

Bjørlo tok derfor dette opp i eit spørsmål til klima- og miljøministeren der han brukte vedtaket i Stad kommune som eit eksempel.

Han uttala mellom anna følgjande:

– Klima- og miljøministeren sa på NRK Politisk kvarter måndag at vi må slutte å bygge ned urørt natur for å realisere offentlege byggeprosjekt rundt om i landet, og at han er sikker på at det er noko alle kommunar ser og ønsker å bidra til. Det ville vere fint om Klima- og miljøministeren kan stadfeste at det er eit tydeleg råd han på vegner av Ap/Sp-regjeringa også vil gi til sine partifellar i Ap og Sp i Stad kommune.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Overraska og oppgitt

Dette reagerte den nye Stad-ordføraren, Sigurd Reksens (Sp), på. Ikkje nødvendigvis med tanke på miljøomsyn, men mest på grunn av måten han meiner Bjørlo blandar seg inn i lokalpolitikken på.

Les saka her.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Var med på det sjølv

– Det er overraskande at ein stortingsrepresentant vel å blande seg inn i lokaldemokratiet og avgjerdene i Stad kommune, i alle fall når han sjølv har vore med å sette i gang dette arbeidet som har hatt brei støtte i kommunestyret, uttala Reksnes.

Foto: privat

– Har meir kunnskap no

Til dette svare stortingsrepresentanten at dei sit på mykje meir kunnskap om myr no enn dei gjorde då han var ordførar for dryge to år sidan.

– Det gjer at vi i alle tilfelle der det er praktisk mogleg må unngå nedbygging av myr.

Les saka her.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Sa klart ifrå

Selje Bygdeutviklingslag, med mellom anna Sigurd Reksnes’ forgjengar og Alfred Bjørlos etterfølgjar, Gunnar Silden, heiv seg også med i debatten.

Dei reagerte sterkt på at Bjørlo omtala planane som unødvendige.

– Skal Selje utviklast i framtida so er dette området langs fylkesveg 618 den einaste plassen som kan brukast til detaljhandel og plasskrevjande næring, so dette er ikkje «unødvendig» bruk av myr som det blir hevda, uttala dei i eit innlegg.

Les innlegget her.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Fekk til slutt svar

Medan debatten rasa heime, sat klima- og miljøministeren og svara på spørsmålet til Bjørlo:

– Myr er store karbonlager som er bygd opp gjennom tusenvis av år. Det er estimert at norske myrer lagrar karbon tilsvarande om lag 3500 millionar tonn CO₂-ekvivalentar, like mykje som norske utslepp på dagens nivå i 70 år. (...) Ved utbygging blir heile eller delar av myra drenert og graven ut. Det store karbonlageret blir då ei stor kjelde til utslepp, kunne ein mellom anna lese i svaret.

Foto: Gjert Myrestrand

Meiner det viser at han har rett

– Eit sterkare signal om at Stad kommune bør «skygge unna myra» når dei skal lokalisere ny brannstasjon, er nesten ikkje mogleg å gi, sjølv om statsråden naturleg nok ikkje går direkte inn i enkeltsaka, sa Bjørlo.

Les saka her.

Las svaret på ein annan måte

Reksens på si side, tolka det som kom fram i svaret på ein anna måte.

– Svaret frå statsråden forandrar ikkje saka. Han seier at ifølge plan- og bygningslova er det opp til kvar enkelt kommune å vege omsyn til miljøet opp mot andre samfunnsinteresser i arealplanlegginga. Det er nettopp det Stad kommune har gjort i denne saka, presiserer Reksnes.

Les saka her.

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Det viktigaste til slutt

Uansett kva som blir enden på diskusjonen, må ein ikkje gløyme kva det eigentleg handlar om.

Dei som ikkje seier eit ord i debatten, er nemleg dei som har størst grunn til å rope, nemleg dei frivillige i Selje brann og redning som drøymer om betre arbeidsforhold og som no får enda meir usikkerheit hengande over skuldrene.

Les saka her.