Øvinga skjer i krysset ved Turnhallen i Måløy.

– Vi skal øve på trafikkhending, fortel John Inge Henden i Kinn brann og redning.

På staden har naudetatane fått på plass tre bilar og ein moped. Fleire frivillige deltek også som markørar som har ulike roller i dramaet.

Det heile ser svært livaktig ut, og ein del av øvinga er å dirigere trafikken på ulukkesstaden.

– Men noko venting kan det bli, opplyser Henden.