– Denne hendinga har resultert i etterforsking av ei straffesak, skriv politiet i Nordfjord på sine Facebook-sider.

Slik politiet forstår det har denne hendinga prega enkelte i Måløy i løpet av helga, og dei har blant anna blitt gjort merksam på fleire innlegg i sosiale medium.

– Politiet i Måløy ønsker med dette innlegget å presisere at vi har god kontroll på kven som har vore involvert i hendinga, og vi har god kontroll på etterforskinga.

Dei har forståing for at dette har engasjert mange.

– Det som er viktig er at hendinga ikkje blir gjort til noko større enn det den er. Det er særs viktig at informasjon baserer seg på fakta og ikkje rykte. Det kan fort bli belastande i eit lite lokalmiljø.

Politiet ønsker derfor hjelp frå publikum til dette.

– Vi ønsker at du går føre som eit godt forbilde. Søk korrekt informasjon, og vær kritisk til kva du deler og kva du skriv på sosiale medium.

Og om nokon lurer på noko, kan dei gjerne kontakt med politikontakt Åse ved Måløy politistasjon, opplyser politiet.