Frode Vik bur i Ålfoten. Då han måtte haste seg av garde til legen med ein sjuk person vart turen mykje lenger enn dei hadde sett føre seg. Foto: Seline Larsen

Då Frode skulle køyre til legevakta blei reisevegen lang og kronglete: – Kvifor kan ikkje løysingane vere sikrare og meir tenlege?

Frode Vik frå Ålfoten skulle berre køyre nokon til legevakta. Det enda med ei rundreise på 70 kilometer innanfor eigen kommune før pasienten vart send med ambulansebåt og ambulanse vidare til Førde.