Klokka 18.30 måndag kveld hamna ein personbil utfor Fylkesveg 61 mellom Eidså og Fiskå i Vanylven.
Både politi, brannvern og ambulanse vart sendt ut til staden der bilen stod i ei treklynge 50 meter nede i ei skråning.
Føraren av bilen vart sendt med luftambulanse til sjukehus i Ålesund
Sunnmørsposten melder at mannen er lettare skadd og at situasjonen var stabil måndag kveld.
Det var glatt vegbane der bilen hamna utfor vegen. Politiet veit ikkje årsaka til ulukka, men opplyser at det ikkje var andre bilar involvert i ulukka.