– Vi er i ein unntakstilstand, sa Krogsæter til Eid-politikarane i sist kommunestyremøte. Ho gjentok bodskapen for fellesnemnda fredag.

– Grunnen til at eg valte det ordet er at folk kvepp til. Eg føler eit behov for at folk må kveppe. Dette gjeld for organisasjonen, dei tilsette og politikarane. Dei må forstå at vi må ha fullt fokus på samanslåinga, og at vi difor må gjere harde prioriteringar, seier Krogsæter.

– Men var ein ikkje budde på at det skulle bli mykje å gjere i samband med samanslåinga?

– Problemet er at ingen av oss har vore med på ein slik prosess før, så det var vanskeleg å forstå omfanget. Vi har fått råd om å vere klare i prioriteringane våre, så vi var mentalt førebudde på at det vart krevjande. Det å drive to kommunar, og samstundes skape ein ny, kan samanliknast med ein situasjon der vi må skifte hjul medan vi køyrer. Og det går eg ut frå at alle vil forstå er krevjande.