Uhellet skjedde då ein bil køyrte inn i bakparten på ein annan bil ved avkøyringa til Spiralen på riksveg 15 i Måløy.

I den eine bilen var det ein person, medan det var tre personar i den andre bilen.

Politiet opplyser at ein person har blitt sendt til legevakta for ein sjekk etter uhellet.

Politiet har oppretta ei sak på forholdet.