Denne veka var striden rundt tomta som ligg på Naustneset i Svelgen tema i kommunestyret i Bremanger.
Saka starta eigentleg i 1988. Då overtok Sogn og Fjordane bustadbyggjelag (SFBBL) ei tomt på Naustneset i Svelgen.
Så viste det seg at SFBBL ikkje hadde behov for så mykje areal. Dermed vart ein liten parsell til tomta att i kommunal eige.
Etter mange klagar på at denne parsellen stod ustelt og var skjemmande for dei som hadde kjøpt seg inn i Naustneset burettslag, tok ein av naboane til burettslaget kontakt med kommunen med ønskje om å kjøpe denne tomta.
Den interesserte er tilsett i Bremanger kommune, og det er hovudårsaka til at denne saka endå verserer i det politiske systemet i kommunen. Administrasjonen har brukt veldig mykje tid på denne saka.
Kommunetyrerepresentant for Høgre i Bremanger, Jorunn Frøyen, meiner denne saka minner om ei molbu-historie.
I papirutgåva fredag 18. juni kan du lese heile saka.