Natt til måndag vart det innbrot og tjuveri frå Bergset i Eidsgata, og frå frisørsalongen Peppinos i Rådhusvegen på Nordfjordeid, melder politiet.
Politiet på Nordfjordeid vart kalla ut og pågreip to personar i sentrum av Eid, med tjuvegods frå Bergseth og frå frisørsalongen Peppinos på Nordfjordeid.
Dei pågripne, ein gut og ei jente på 18 år, sat måndag føremiddag i arrest ved Eid lensmannskontor.
Lensmannen i Eid etterforskar saka vidare, og dei to vart avhøyrde i løpet av formiddagen måndag.