– Statsforvaltaren sluttar seg til vedtaket i Kinn kommunestyre, og tilrår at Kinn kommune held fram som eigen kommune, konkluderer dei med.

Statsforvaltaren ser at det er både fordelar og ulemper knytt til ei eventuell deling av Kinn kommune.

– I ei slik sak er det viktig å ta omsyn til det øvste politiske organet i kommunen. Det var Kinn kommunestyre som tok initiativ til å utgreie konsekvensane av ei deling, og vedtaket i kommunestyret bør såleis vege tungt, skriv statsforvaltar Liv Signe Navarsete til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Kommunestyret har vedteke at Kinn kommune held fram som eigen kommune. Statsforvaltaren i Vestland sluttar seg til vedtaket, og tilrår at Kinn kommune ikkje blir delt og såleis held fram som eigen kommune.

I hovudsak bygger Statsforvaltaren si vurdering og tilråding til Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) på følgande grunnlag:

• Samanslåing til Kinn kommune frå 01.01.2020 – prosess og innhald.

• Rapporten frå BDO.

• Sak og fråsegn frå Kinn kommunestyre 07.09.2022.

• Fråsegner frå Vestland fylkeskommune, nabokommunar og Kartverket.

• Andre fakta- og kunnskapsgrunnlag som er relevante.

– Status for drifta til Kinn kommune må òg leggast til grunn når konsekvensar for ei deling skal vurderast. Men med om lag 2 ½ års drift, der nesten heile perioden har vore prega av koronapandemien, er dette for kort tid til å vurdere heilskapen av Kinn kommune og ikkje eit tilstrekkeleg godt nok grunnlag for ei evaluering, skriv Navarsete i brevet til departementet.

Navarsete trekker fram økonomien i to nye kommunar som ein tungtvegande grunn:

– Kinn kommune har ein svært utfordrande økonomi. Dette kan enno i stor grad setjast i samanheng med at dei tidlegare kommunane Vågsøy og Flora hadde ein svak og utfordrande økonomi ved inngangen til Kinn kommune. Dei siste budsjett- og økonomiplanane (2019 – 2022) kommunane vedtok før samanslåinga, viste ein samla ubalanse i økonomien frå 2020. Særleg gjaldt dette Vågsøy, der økonomiplanen etter andre gongs handsaming hadde ein større ubalanse gjennom uspesifiserte innsparingar. Normalt vil slik ubalanse føre til innmelding i Robek etter kommunelova § 28-1, men dette vart ikkje gjort fordi kommunen skulle gå inn i Kinn, står det i brevet.

I tillegg var ikkje tidlegare Flora sin økonomi spesielt mykje betre.

Navarsete trur ikkje ei deling vil betre den totale kommuneøkonomien.

– Kriteriet for økonomisk soliditet vil bli ei stor utfordring. Eventuelt to nye kommunar må truleg gjere ytterlegare reduksjonar i drifta enn det som no er vedteke i Kinn. Dette vil få konsekvensar for arbeidet med utvikling av dei «nye» kommunane, og særleg for planlagde og ønskte investeringsprosjekt, seier ho.

Ho ser at det er ei ulempe for innbyggjarane i Kinn at kommunen ikkje har felles grense, og at kommunen er delt i to mellom nord og sør, men ho trur ikkje ei deling vil føre til større endringar for felles- bu og arbeidsområde til dei «nye» kommunane heller. Og ho peikar på at ei slik utvikling med to kommunar også kan hemme utviklinga av ein kystregion som eit funksjonelt område for samfunnsutvikling.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik har allereie signalisert relativt tydeleg at han kjem til å rette seg etter kommunestyret sitt vedtak.

Her kan du lese heile brevet frå Statsforvaltaren til Kommunal- og distriktsdepartementet.