Ho har alltid vore glad i sjøen. Som lita var ho med faren Stig Oldeide på fiske til både Murmansk og Danmark, og som tenåring tok ho båtlappen og køyrde heller eigen båt til Måløy enn buss.

Siv voks opp eit steinkast frå havet. Foto: Kjellrun Åsebø

Elskar å segle langs kysten

Sjølv er ho ikkje spesielt overraska over at ho hamna i eit maritimt yrke eller at ho er einaste kvinne i eit mannsdominert miljø. Men kanskje overraskar det andre å sjå ei kvinne ved roret. Oldeide har nemleg berre vore på éin tur der ei anna kvinne også var om bord.

– Sjølv tenker eg eigentleg ikkje over at eg jobbar berre med menn bortsett frå når folk påpeikar det. Mine interesser har aldri vore det ein ofte tenker på som stereotypiske jenteinteresser. Og eg har alltid gått godt overeins med karane, seier ho.

Overstyrmannen blir ganske liten på kaia framfor skipet ho fører. Foto: privat

Ho er veldig glad i jobben sin. Mest av alt elskar ho å segle langs kysten.

– Det er som å reise på ein roadtrip gjennom eit fantastisk landskap som tar pusten frå deg. Det er spesielt flott når det er fint vêr. Du kosar deg og nyt utsikta, smiler ho.

12-timarsskift

«Polfoss» går i rute til Russland, ned heile norskekysten til Egersund, så til Nederland, England og av og til til Skottland.

Ein vanleg dag på jobben for Oldeide er eit 12-timars skift.

– Eg står opp klokka 01.45, et meg ei brødskive og så går eg opp på brua og tar over for skipperen viss vi seglar. Eg har seks timar med seglas, manøvrering og laste- eller losseoperasjonar. Viss vi ligg til kai og held på med lasting eller lossing, går eg på dekk eller ned i lasterommet. I lasterommet tar eg inn lasta frå land, har all kommunikasjonen med dei på land og kontrollerer lasta, forklarer ho.

Siv er overstyrmann på Polfoss som er ein refeer- og containerbåt. Foto: privat

Båtane Siv har vore på er refeer- og containerbåtar eller lastebåtar.

– Vi har fem store lasterom der vi har moglegheit til å sette på både frys, kjøling og varme.

Dei fraktar mest frosen fisk, fiskefôr og salt.

– Men vi fraktar også alt ein kan sette på ein palle og løfte med ein truck eller med ei kran. Vi plukkar for eksempel med oss mange båtar. Det kan vere at nokon treng å få frakta sjarken sin frå Vestlandet til Finnmark, for eksempel om dei sjølve ikkje har tid til å køyre opp eller ser det som meir effektivt å sende med oss.

Her plukkar «Polfoss» opp ein båt dei skal frakte vidare. Foto: privat

– Friturane er heilage

27-åringen legg ikkje skjul på at ho også er glad i friturane.

– Friturane er heilage. Eg er seks veker om bord, men så er eg også heime seks veker i strekk. Då har eg fullstendig fri heile døgnet til å gjere akkurat det eg vil når eg vil, smiler ho.

Når ho er heime, bur ho ikkje langt frå bygda ho voks opp, Kulen i Deknepollen. Der kan samtalene rundt kjøkkenbordet fort dreie seg om livet på havet.

– Pappa har vore skipper og jobba på havet i mange år. Så det blir ein del samtaler om nye og gamle fryseterminalar eller fiskemottak langs kysten. Vi kan også snakke om manøvrering i dårleg vêr. Og mamma har jo vore gift med ein fiskeskipper i mange år, så ho har også god innsikt, både i seglas og det tekniske, smiler Siv.

– Vi har ikkje lagt oss borti yrkesvalet til Siv. Ho har gjort det ho ville. Men det er sjølvsagt kjekt å dele erfaringar. Eg har jo trakka opp og ned kysten i 30 år, så vi pratar om ein del plassar og ein del ting langs kysten som er spesielle og som andre folk ikkje kjem borti, seier faren til Siv, Stig Oldeide. Foto: Kjellrun Åsebø

Ha respekt for yrket

Oldeide har eit råd til alle som vil bli styrmenn eller skipperar.

– Det er viktig å vere litt audmjuk og ha respekt for det ein driv med. Det er ikkje flaut å spørje om hjelp – alle må starte ein stad. Og ein må vere førebudd på å ta dei arbeidsoppgåvene ein får og gjere alle dei kjedelege tinga for å bli god, seier ho.

Håper på fleire frivillige

Når Siv er heime er ho aktiv i redningsselskapet. I august var ho saman med kvinner frå åtte ulike land på teambygging i Finland.

– Vi skulle ikkje lære noko nytt. Berre øve og vere saman. Ingen av oss hadde møtt kvarandre før. Vi kom, fekk ein sandwich i handa, blei delt inn i lag, sett på båtane og køyr! Det var så sabla bra!

På samlinga diskuterte dei også kva ein kan gjere for å få fleire damer inn i søk og redning. Noko ein treng.

– Det er veldig viktig, både at damer vel det som yrke, men også som frivillig arbeid. Vi treng fleire som har lyst å vere med, seier ho og legg til:

– I Finland var det både sterkt og utruleg inspirerande å høyre andre sine historier frå lokale redningsoppdrag. Vi er mange kvinner som er frivillige i Redningsselskapet, men vi er ikkje mange nok.

I august var Siv på teambygging med redningsselskapet saman med fleire kvinner frå ulike land. – Vi er optimistiske, men treng verkeleg å få med fleire folk på laget. Eg trur mange ikkje veit at dei kan vere frivillige på redningsskøyta, seier Siv. Foto: privat
Siv Oldeide i arbeid med lasting av betongflytebrygger i Mo i Rana. Foto: privat