Svelgen Kraft AS har søkt om fornying av reguleringskonsesjonane for Svelgen I og II kraftverk, og i hovudsak er det planlagt å vidareføre dei gamle konsesjonane.

– I dei utgåtte konsesjonane har det ikkje vore krav om slepp av minstevassføring på nokon elvestrekning, og Svelgen Kraft AS har søkt om at dette også skal gjelde den nye konsesjonen. Vi meiner at det, på eit generelt grunnlag, vil vere ønskeleg for naturmiljø og friluftsinteresser med slepp av minstevassføring på utbygde elvestrekningar. Kraftverka i Svelgen vart etablerte i ei tid då naturmiljø og friluftsliv var tillagt mykje mindre vekt enn i dag, skriv Fylkesmannen.

– Det bør som hovudregel stillast krav om minstevassføringsslepp på prioriterte elvestrekningar. Samstundes ser vi det som urealistisk, med omsyn til energitapet, å fastsetteminstevassføringskrav i alle påverka lokalitetar.

Fylkesmannen vil ha minstevassføring for to elvestrekningar, Vingefosselva og Førdeelva (i Ålfoten) som er gyte- og oppvekstelv for laks og sjøaure.