Benediktinarmunkar kan igjen vandre på Selja etter at tre familiar har kjøpt Tunold-garden. Dei vil etablere kloster der.

– Heile poenget med å kjøpe garden var å sikre tomt til å bygge eit kloster i framtida, seier Ragnhild Helena Aadland Høen.

Ho er blant dei tre familiane som har kjøpt garden på Selja og var onsdag på øya for overtaking, samt stifte pilegrimsfellesskapet Sankta Sunniva.

Einaste alternativet

Tomta og garden har dei tre familiane kjøpt frå Endre Fjellestad.

– Han hadde lyst at det skulle komme kloster på Selja, seier Aadland Høen.

Kostnaden for tomta og garden, båt og alt inventar kom på litt over 2 millionar kroner.

– Vi har delt den inn i tolv andelar der min familie har ti og dei to andre familiane har dei siste to, opplyser Aadland Høen.

På grunn av fleire verneverdige område, registrerte arkeologiske minne og lange slektskapsforhold var denne garden den einaste dei kunne kjøpe på Selja.

Det å ha sikra ei tomt til klosterbygging synest Aadland Høen er kjekt.

– Det er kjempegøy. Vi er veldig takknemlege og glade. Det er ein spesiell følelse.

Om ti år tidlegast

Det var benediktinarmunkar frå England som på 1100-talet grunnla klosteret på Selja. Aadland Høen fortel at ingen norske kloster kan etablere seg på Selja. Ein er derfor i samtale med det franske benediktinarklosteret Fontgombault.

Selje-ordførar Ottar Nygård har tidlegare sendt brev til dette klosteret og ønskt dei velkomen til Selja.

– Dei er veldig positive til Selja og har ein munk der som har bedt for Norge dei siste 20 åra. Eg er veldig trygg på at dei kjem, vi veit bare ikkje når, seier Aadland Høen.

Heile saka står i papirutgåva fredag 1, november.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende