Etter å ha fått tips om at nokon hadde slengt frå seg mange søppelsekker ved Ånnevik i Bremanger, tok lensmann Hans Rune Strandos seg ein tur for å undersøkje saka:
- Det vart ei enkel sak å oppklare. Forsøplaren hadde slengt frå seg heile 17 sekker med søppel og i nokre av dei fann vi brev med namn og adresse til syndaren. Vi kjem til å opprette sak mot vedkommande, fortel Strandos.
Lensmannen har vore i kontakt med syndaren som har innrømma forholdet og han har fått beskjed om å rydde opp etter seg.
Han hadde også slengt ein sekk over gjerdet på miljøstasjonen på Nybø, også denne med avslørande innehald.
- Dette er same personen, og han får truleg ei bot for forsøplinga, seier Hans Rune Strandos.