Denne veka fekk Kjølsdalen Montessoriskule besøk av Daisy Jopling i regi av Den kulturelle skulesekken.

– Dette var utan tvil ei stor konsertoppleving frå ein artist i verdstoppen i sitt uttrykk, fortel Thomas Hals, rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule.

På førehand hadde ti elevar i storskulen og alle dei 18 elevane i småskulen førebudd seg med solo- og korsang på låten «La den gå», frå Disneysuksessen «Frozen».

– Då artisten endeleg kom, vart ho teken i mot med klemmar og helsingar allereie før konserten. Stemninga var på topp, beskriv Hals.

Dei deltakande elevane fekk møte opp til ei kort generalprøve i lag med Jopling. Deretter bar det ut på scena til publikum som fylte alle benkane og stolane.

– Tidleg slo ho an tonen med Michael Jacksons berømte «Thriller». Stemma til Jackson var bytta ut med Joplin si klangfulle fele, fortel han, og legg til at elevane imponerte stort under Disney-låten «La det gå».