95 prosent av nye Amfi Nordfjord er allereie fylt opp med butikkar.

Kjøpesenteret vert bygd ut til 11.500 kvadratmeter, og vert det største i Nordfjord.

Målet er å lage eit senter som ein ikkje finn alle andre stadar, og ho er glad for å få Frislid med.

– Dei er veletablert og med røter i Eid. At dei vel å ha her butikk og ansikt utetter, gir oss forhåpentlegvis styrke for senteret vårt. Eg har vore involvert sidan 2013, og elektro er ein bransje som har vore på ønskjelista. Derfor er vi kjempeglad for at Rune Taklo med søner har vald å gå inn som forhandlar og opnar ein Expert-butikk, seier ho.

– Eg utelukkar aldri noko. Mirakel har skjedd før, men det spørst om Eid utviklar seg og held fram med å auke i innbyggjartal og arbeidsplassar. Då skapar det større marknad, og er meir interessant for kjeder å etablere seg her, seier ho.