I samband med ei alvorleg bilulukke på Haus i april 2010, får Helse Førde kritikk frå Helsetilsynet for at det ikkje vart kalla ut helsepersonell frå lokalsjukehuset.

Konklusjon frå Helsetilsynet:

"Vi syner til brev frå Helsetilsynet i fylket til Helse Førde datert 08.11.2010 som gjeld utrykking av fagpersonell frå sjukehuset på Eid til alvorleg bilulukke på Haus 16.04.2010. Helsetilsynet i fylket har handsama saka med heimel i lov om statleg tilsyn med helsetenesta § 2.

Vi har kome til at Helse Førde ikkje handla i samsvar med forsvarlegkravet då AMKsentralen i Førde ikkje kalla ut helsepersonell frå Eid sjukehus til ulukkesstaden. Hendinga synar at internkontrollen ikkje har vore god nok.

Helsetilsynet i fylket ber om at Helse Førde reviderar beredskapsplanen og gjennomgår AMK-sentralen sin instruks om utkalling av sjukehustilsette ved ulukker i kommunane.

Vi ber om tilbakemelding innan utgangen av april 2011".

Informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun seier dei tar tilbakemelding frå Helsetilsynet på alvor.

- Føretaket har allereie hatt ein gjennomgang av reglane for utkalling av helsepersonell frå sjukehus til hendingar utanfor sjukehusa, slik at regelsettet for AMK er klare, skriv Eithun på Helse Førde sine nettsider.

- Det vil i slike saker alltid vere krevjande utfordringar, både for dei tilsette ved AMK-sentralen og dei som er tilsett på lokalsjukehusa, å vurdere kva som til ei kvar tid er rett. Når det er ulykker med fleire skada pasientar og vi har få legeressursar tilgjengeleg på lokalsjukehusa er det ei svært vanskeleg vurdering kva som er til det beste for pasienten, seier Olav Hesjedal.