Styreleiar i Nord Vågsøy kulturhus SA, Edvard Iversen og dugnadsarbeidar Jan Gunnar Tellevik fortel at det er mykje arbeid som må gjerast på dugnad om kulturhuset skal stå ferdig 20. oktober. Både snikring og måling er oppgåver dei treng folk til. – Her er mykje godt arbeid for dei som vil bidra, men ein ting er sikkert, det er veldig kjekt å ta fatt på dette arbeidet slik at vi ser at prosjektet går framover og byrjar å ta form, fortel Iversen, som forklarar at arbeidet så langt har stort sett dreidd seg om riving. No er eit stort ope lokale klart for å bli forma. (Foto: Marianne S. Rotihaug)