Det er Innlandet politidistrikt som fortel at dei har registrert meir av slike svindelforsøk dei siste dagane. Fenomenet blir gjerne omtalt som spoofing.

– Den fornærma blir ofte fortald at ein eller fleire kontoar er freista svindla, eller at nokon har prøvd å ta opp lån med den fornærma sin identitet, skriv politiet i ei melding til media.

I fleire tilfelle har offera for svindelen overført pengebeløp til det som blir beskrive som ein trygg konto, eller dei har delt sensitiv kontoinformasjon med gjerningspersonen.

– Ikkje overfør pengar

Det blir understreka at verken politiet eller bankane opptrer på denne måten.

– Vi ber derfor folk om å vere svært tilbakehaldne med å dele personleg informasjon, eventuelt på kort varsel overføre større eller mindre pengebeløp til ukjende kontonummer.

Tysdag fortalde politiet i Troms og Finnmark at dei har fått fleire førespurnader frå folk om svindelforsøk dei siste dagane. Også i desse tilfella hevdar svindlarane at ein ringjer frå politiet.

I første kvartal blokkerte Telenor Noreg 11,1 millionar av svindelforsøk av typen spoofing, fortalde informasjonssjef Julie Hæhre i Telenor til Nettavisen i slutten av april.

E-post frå «domstolane»

Onsdag vart det kjent at domstolane i Noreg har vorte varsla om svindelforsøk der svindlarar gir seg ut for å ta kontakt på vegner av domstolane. Her har dei som blir freista svindla, fått ein e-post som ser ut som han kjem frå domstol.no, der dei tilsynelatande blir stemna som vitne i ei straffesak i Oslo tingrett.

Svindlarane ber i e-posten mottakaren om å logge seg på med sin BankID. Omfanget av svindelen er ikkje kjent.

– Noregs domstolar ber ikkje vitne om å logge seg på via Bank-ID. Dersom du får ei melding frå oss som vil få deg til å gjere dette, er det eit svindelforsøk, seier kommunikasjonsdirektør Yngve Brox i Domstoladministrasjonen.

(©NPK)