- Dette er svært alvorleg, og det er kanskje det verste brotet på miljøkriminalitet vi har sett i nyare tid. Og vi har ikkje for vane å politimelde i slike saker. Det er så vidt eg veit første gong det skjer, seier miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal til NRK Sogn og Fjordane.
Under tilsynet fylkesmannen hadde i april på Nybø gjenbruksstasjon lak det ut kreftframkallande stoff frå ein tank, ei tønne med giftstoffet cyanid var lagra saman med syre. Kombinasjonen kan gje livsfarleg blåsyregass.
Miljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier dei no har meldt Nordfjord miljøverk, NoMil, som driv stasjonen til politiet.
Styreleiar Kristen Hundeide i Nordfjord miljøvern, NoMil, seier dei tek politimeldinga til vitande.
- Eg meiner vel kanskje at fylkesmannen skyt sporv med kanon her. Med det meiner eg at det mest vesentlege som vart påpeika i rapporten allereie er ordna opp i, og det er lagt eit løp som skal gjere slik at vi ikkje kjem i same situasjon att, seier han til lokalradioen.