Sjølve møtet vert på Dalsøyra barne- og ungdomsskule, der fylkestinga først møtest til felles debatt. Deretter går dei kvar til sitt og gjer separate vedtak i saker som er drøfta. Det er kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som kallar inn til møtet, som blir opna av statssekretær Kristin Holm Jensen.
Sogn og Fjordane sier ja til grensejusteringen
Stortinget vedtok samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane i juni i år. Det felles fylkestingsmøtet er nedfelt i inndelingslova § 25, som seier at det skal gjennomførast eit slikt fylkestingsmøte så snart som mogleg etter vedtak om samanslåing.
Saker på møtet er, namn på det nye fylket, tal medlemer i det nye fylkestinget, kriterium for samansetjing av, og funksjonar til, fellesnemnda, val av revisor for verksemda i fellesnemnda og oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføring av samanslåing.
Slik blir vegen fram mot ein ny region
Tidlegare fylkesordførarar, fylkesrådmenn, samt dagens og tidlegare fylkesmenn vert inviterte til det felles fylkestinget, som markerer starten på det vidare arbeidet med samanslåinga.