Showet vart avvikla i samband med den årlege hingsteutstillinga for Fjordhest, som også finn stad denne veka. Heile 25 hestar var med på showet, både fjordhestar og andre rasar, fordelt på dei 50 elevane som går på hestelinjene ved folkehøgskulen.

Tittelen for årets show var «OL på Fjordane», og hadde 12 innslag som vart lagt fram som OL-greiner, blant anna langrenn, kombinert og basketball. Av dei 150 publikummarane som hadde tatt turen, verka det som at også årets show fall i god smak.

Under årets hingsteutstilling er det også lokale aktørar med, blant anna hingsten Herlig e. Kornvin Freidig u. Herborg, eigd av Miriam Hoddevik. Hingsten vart kåra som 3-åring i fjor, og har i år vore inne til utvida bruksprøve. Den utvida bruksprøva vart avslutta i går, og Herlig fekk 7,9 i samla karakter på brukseigenskapar (8,3 på laushopping, 7,6 på riding, 7,9 i køyring). Det er i år 9 hingstar som har vore på utvida bruksprøve.

Fredag skal 3-års hingstane til pers både med køyreprøve og i ringen. Hingsten Terneglimt e. Kamillas Tord u. Vereide Terna eigd av Kari-Anne Hansen frå Ålfoten og oppdretta av Hans-Petter Vereide frå Nordfjordeid gjekk gjennom veterinærsjekken og gjorde ei flott lausmønstring torsdag kveld. Denne hingsten er den einaste 3-års hingsten frå Nordfjord under årets hingsteutstilling.