Strandsoneforvaltninga i Bremanger kommune

- Fylkesmannen har etter tilsyn med Bremanger kommune påpeika manglar ved kommunen si handsaming av strandsonesaker. Kommunen skal innan 10. juni 2010 melde tilbake om kva dei har gjort eller vil gjere for å sikre at slike saker i framtida vert handtert i samsvar med lova, opplyser Nils Erling Yndesdal hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Formålet med tilsynet var å sjå på kommunen si handtering av strandsonesakene. Tilsynet vart gjennomført ved at Fylkesmannen gjennomgikk alle saker om byggetiltak i 100-metersbeltet langs sjøen for perioden 2005-2010. Det vart ikkje i samband med tilsynet gjort noko vurdering av enkeltsaker.

Fylkesmannen har peika på følgjande manglar ved handsaming av dispensasjonssaker som gjeld tiltak i strandsona:

• Vedtaka er gjennomgåande ikkje grunngjeve i samsvar med krava i pbl. (1985) § 7 eller pbl. (2008) § 19-2 om interesseavveging.

• Kommunen har i fleire saker gjeve dispensasjon utan at saka har vore på lovbestemt høyring i samsvar med krava i pbl. (1985) § 7 eller pbl. (2008) § 19-1.

• Kommunen har i fleire saker som har vore på høyring, gjeve dispensasjon utan å sende vedtaket til regional myndigheit til klagevurdering.