– Det blir heilt fantastisk. Refviksanden er ein av dei finaste stadane ein kan opptre på. Også blir det kjempestemning med forhåpentlegvis sommar og sol, seier medlem i gruppa Ole Petter Knarvik.

Då dei blei spurde om å opptre var svaret eit stort ja. No gler gruppa seg til å stå på scena i Refvik under Strandfestivalen Junior.

– Eg reknar med at nordfjordingane kan lage litt liv og røre, ler Knarvik.

Var på hyttebesøk

Knarvik har feriert i Refvik fleire gonger. Han har nemleg slektningar som bur i bygda. Desse slektningane er også med i komiteen som arrangerer festivalen.

– Eg er mykje der om sommaren, og har vore der nesten kvart år sidan eg var liten, fortel han.

Dei nære familievennane og slektningane er familien til arrangør Kent Rune Bugjerde.

– Eg var på besøk då dei spurde om ikkje vi kunne tenke oss å komme og opptre på festivalen. Eg synest jo festivalen er heilt konge, og det blir dødskult å kunne vere med å danse der, seier Knarvik.

Bugjerde kan bekrefte at historia stemmer.

– Eg hadde jo tenkt litt på det i forkant med tanke på Strandfestivalen Junior. Den scenegleda dei har og smitteeffekten dei har på scena passar ypparleg i programmet. Så då dei var på hyttebesøk spurde eg om det kunne passe for dei å vere med.

Blandar breakdance og cheer

I tillegg til Absence Crew skal også cheerdance-troppa til MIL Cheer opptre på festivalen. I forkant førebur Knarvik ein koreografi som breakdance-gruppa og cheerdance-troppa skal framføre saman.

– Vi skal treffest og øve saman på fredagen før vi skal opptre på laurdagen, seier Knarvik.

– Korleis får ein kombinert breakdance og cheerdance?

– Det blir nok ei blanding av cheerdance og breakdance, men med mykje hiphop. Vi driv jo med mykje av det same og dei er jo veldig flinke å danse. Det blir veldig moro å gjere ein liten del saman. Så eg trur det går greitt så lenge eg ikkje legg inn for mykje headspins, ler Knarvik.