– Det vi har sett er at vi rekrutterer litt betre det siste året. Då har det vore fleire søkarar på ledige stillingar, fortel Randi Ytrehus, kommunalsjef for helse- og omsorg i Bremanger kommune.

Ho veit ikkje om det er ein direkte effekt av koronapandemien, men ho ser at fleire ønsker å flytte heim til kommunen og gjerne dit ein har ei tilknyting til frå før av.

– Det synest vi er veldig kjekt.

Må bruke vikarbyrå

Fjordenes Tidende skreiv førre veke om Kulatoppen omsorgssenter i Måløy-delen av Kinn kommune som slit med å få nok søkarar på ledige stillingar.

På Kulatoppen og i Kinn kommune har ein gått vekk frå bruken av vikarbyrå, men i Bremanger ser kommunalsjefen på det som ei naudsynt utgift.

– Vi brukar byrå minst mogleg, men vi må bruke dei fordi det handlar om at vi ikkje rekrutterer nok helsepersonell til forsvarleg drift. Og då må vi berre ta utgiftene.

Dette gjeld for det meste for å få inn sjukepleiarar eller helsefagarbeidarar.

– Det er ei gruppe som er vanskeleg å rekruttere, fortel Ytrehus.

Fagleg utvikling er viktig

Kommunen jobbar kontinuerleg med rekrutteringa av tilsette til helse- og omsorgstenestene, men det er også viktig å halde på dei tilsette som er der.

– Vi har og jobba med ein del prosjekt som nokre synest er veldig interessant. Eit døme er legevaktpiloten som gir ekstra utfordring og utvikling for sjukepleiarane, og vi har fleire som er i gang med å ta vidareutdanning som akuttsjukepleiar. Det er fagleg utfordring som eg trur gjer at vi klarer å behalde folk.

Ytrehus meiner at gode moglegheiter og utvikling i organisasjonen er viktig for å halde på dei tilsette.

– Vi brukar permisjonsreglementet godt for å gi folk moglegheita til å ta vidareutdanning og etterutdanning. Fagleg utvikling er veldig viktig.

Kommunen legg også til rette for at assistentar får moglegheit til å ta fagbrev.

– Det har vi drive med i årevis og vi har fått mange assistentar til å bli fagarbeidarar. Det handlar om å bygge kompetanse blant våre eigne. Folk er kjempeflinke, og viser veldig stor interesse for å ta del i vidareutdanning. Då legg vi til rette slik at folk skal få gjennomføre det.