Paula B. Garcia Rosa og John Olav Tande ved Sintef arbeider med eit nytt konsept med kamera og fugleradarar montert på turbinen som skal oppdage fugl som nærmar seg. Ifølgje gemini.no reknar dataprogrammet deretter ut den sannsynlege flyruta til fuglen vidare og sender styringssignal som justerer farten på rotorblada viss det er fare for kollisjon. Så langt syner resultata at fire av fem kollisjonar kan unngåast. Systemet kan likevel ikkje fjerne problemet heilt, slik som til dømes når det kjem fugl som flyg veldig uregelmessig eller det kjem fleire fuglar samtidig. Ved fugleflokkar kan forskarane likevel stanse vindturbinen heilt.

– Med bakgrunn i simuleringane har vi tru på at SKARV kan redusere talet på kollisjonar med inntil 80 prosent. Neste steg er å vidareutvikle strategiane for styring av farten på vindturbinen, og integrere dei med metodar for å oppdage fuglerørsler. Etterpå ønskjer vi å gjennomføre ein praktisk demonstrasjon. Vi har tru på at SKARV-teknologien kan vere kommersielt tilgjengeleg innan fem år – kanskje tidlegare viss interessa frå industrien er stor nok, seier Garcia Rosa til gemini.no.