Auken kjem i stor grad av ei svak norsk krone. Det var prisauke for fersk filet av laks, klippfisk av torsk og frosen heil makrell, medan det vart eksportert mindre torsk, sei og sild samanlikna med juli i fjor, skriv fiskeribladet.no.

Ifølgje Sjømatrådet vart det eksportert 2950 tonn fersk torsk i juli. Verdien er på 147 millionar kroner, ein auke på 23 millionar frå året før. Volumveksten er på 18 prosent.

Medan det i fjor ikkje vart eksportert oppdrettstorsk i juli, vart det eksportert 318 tonn fersk heil oppdrettstorsk i juli i år til ein verdi av 20 millionar kroner.

Dette svarer til 11 prosent av eksporten av fersk torsk målt i volum, skriv fiskeribladet.no Det vart eksportert 3289 tonn frosen torsk i juli, eit volumfall på 27 prosent. Det vart også eksportert 4839 tonn klippfisk til ein verdi på 387 millionar kroner. Det er ni prosent frå same månad i fjor, men eit volumfall på ni prosent.

På saltfisk og tørrfisk fall volumet i juli med 16 prosent, og sildeeksporten med 34 prosent. Noreg eksporterte også 902 tonn reker til ein verdi av 70 millionar kroner i juli, noko som svarar til eit verdifall på 36 prosent og eit volumfall på 62 prosent mot same månad i fjor. Parallelt eksporterte me 247 tonn kongekrabbe til ein verdi av 111 millionar kroner i juli. Det utgjer ei verdiauke på 86 prosent og ein volumvekst på 127 prosent.

(©NPK)