Rv. 15 Måløybrua er stengt på grunn av sterk vind. Det er vindkast på 33 meter per sekund, skriv Vegtrafikksentralen Vest.

Yr.no melder for Måløy-området stiv kuling med kast på opptil 28 meter per sekund. På kvelden blir det meldt liten storm i kasta.

– Fra søndag formiddag sørvest liten storm 22 m/s og fra søndag ettermiddag periodevis full storm 25 m/s, kan ein lese på Yr.no.

Fjordenes Tidende sitt webkamera i appen Vindvarsler blei slått ut under lynnedslaga for nokre dagar sidan. Men på begge sider av brua er vindtavlene no i drift igjen, og her kan ein sjå vindstyrken i kasta.

Følg med på vêret ellers på Fjordenes Tidende sine webkamera.

På Facebook-sida Vind på Rugsundbrua melder folk at brua er open der. Yr.no melder liten kuling frå sørvest med kast på opptil 23 meter per sekund i området.