Slik skildrar Frifagbevegelse.no fylkesvegen inn til Navelsaker på nordsida av Hornindalsvatnet.

Trond Antonsen som er bussjåfør for Firda Billag innrømmer til Frifagbevegelse.no at han sit med hjartet i halsen når han køyrer strekninga.

– Vi veit aldri når det kan gå eit ras, og om vi blir treft av eit stein- eller snøras, seier Antonsen.

Skulebussen han køyrer er det berre såvidt plass til. Ifølge Frifagbevegelse.no har det berre dei siste fem kilometrane innerst ved Navelsaker blitt registrert 313 større eller mindre ras sidan 1979.

Ni av desse var i fjor.

Antonsen fortel at bussjåførane som har base på Nordfjordeid har to rasutsatte ruter dei køyrer. Den andre går utover til Torheim på sørsiden av fjorden og inn til Nordfjordeid.

– Viss eg måtte velge mellom de to rutene, hadde det blitt Torheim, seier han og legg til at han fryktar at det berre er snakk om når og ikkje om det kjem til å skje eit alvorleg ras der ein buss er involvert.

Steinar i ulike størrelsar ramlar ned fjellsida så ofte at geologene til Statens vegvesen har rangert vegen som den mest rasfarlege i landet.

Heidi Ravnestad, kommunikasjonsrådgiver i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune seier at Vestland fylke har ei rekke skredpunkt.

– Framtidig prioritering er avhengig av politiske beslutningar og tilgjengelege midlar. Men Fylkestinget har bede administrasjonen vurdere om automatiske varslingsanlegg kan vere aktuelt på den fylkesveien, sier ho.