– Vi har valt å gjere dette no fordi tida går veldig fort. Skal vi få laga lister og eit nytt opplegg, så må vi begynne i god tid, seier leiar Per Egil Hellebust i Selje Arbeidarparti.

Berner Midthjell, leiar i Eid Arbeidarparti, peiker på at listene til kommunestyrevalet i 2019 skal vere klare 1. desember neste år.

– Vi har ein jobb som skal gjerast, så det er veldig greitt å kome i gang, seier han.

Både Selje Ap og Eid Ap avviklar sine årsmøte i Lefdal Grendahus 10.februar 2018.

På årsmøta i dei respektive partia i februar, gjer ein vedtak om nedlegging for deretter å møte i stiftingsmøte. I stiftingsmøtet gjennomfører ein val av styre og nemnder i Stad Arbeidarparti etter vanlege reglar for årsmøte i Arbeidarpartiet.

Fellesmøtet partia hadde onsdag, valde mellom anna valkomité og organisasjons- og vedtektskomité. Kvart av partia har med to representantar i kvar av komiteane, som skal kome i gang med arbeid omgåande

– Når det gjeld dei politiske sakene i Selje og Eid kommunar fram til samanslåinga av kommunane, så vil ein søke primært å orientere kvarandre og etablere samforstand om kva ein «går for» i dei einskilde kommunane, skriv partia.

Hellebust håpar samanslåing kan styrke Selje Arbeiderparti.

– Vi har funne tonen, men det er stor forskjell på medlemsmassen. Selje Ap har ikkje vore dei største, så vi håpar samanslåinga kan vere med på å skape ny giv. Det trenge vi.