Les  Arnfinn Kolerud sin kommentar som stod i papiravisa fredag:

Eg tør vedde på at du ikkje hugsar namnet på han som vann fredsprisen sist veke. Malala skal det godt gjerast å gløyme namnet på, men han andre? Han er indisk og driv med den riktige typen barnearbeid – å hjelpe barn ut av slaveri. Det inneber mellom anna å hente ungane fysisk ut av fabrikkane. Med så mange millionar barneslavar som det finst, særleg i Asia, har dei nok å gjere på. Dei treng ikkje akkurat utlyse 17 prosent-stillingar i organisasjonen hans, slik dei gjorde i norsk helsevesen ei periode.

Kailash Satyarthi er namnet. Når eg høyrer om menneske som han, blir eg fælt imponert. Og så får eg dårleg samvit fordi eg sjølv ikkje driv det til noko anna enn å skrive baksider i ei lokalavis. Ein skulle gjort noko nyttig. Til dagleg gjer eg særs lite som kjem ungar til gode. Når ungar skal over gangfeltet legg eg foten på bremsen, eg tar lodd når dei står med kaker utanfor Vinmonopolet, eg kjøper skuleavis ein sjeldan gong, og seier «hei du» når ein liten pjokk øver seg på å seie «hei» til alle han møter. Elles får dei styre med sitt.

Ei svensk avis, Sydsvenska Dagbladet, hadde ein gong barnearbeid som tema for 5 på gata-spalten sin. Spørsmålet var «Bryr du dig om ifall de varor du köper tillverkas av barn?». Det normale ville vere å svare «Ja, då köper jag dem inte» eller «Ja, jag tycker det er förjävligt!». Men ei dame frå Malmø svarer altså «Ja, barn har ingen känsla för kvalitet, det märks på produkten.»

Kailash Satyarthi har sikkert høyrt kommentarar som er langt drøyare.

Alle kan ikkje reise til Asia for å berge ungar ut av slaveri. Men vaksne, som du og eg, kan avsjå nokre hundrelappar til organisasjonar som gjer jobben for oss. På søndag kjem ein av dei på døra di. Elles kan vi avstå frå å rope hurra når regjeringa legg fram eit statsbudsjett som inneheld nokre hundrelappar i redusert campingvognavgift. Og til slutt, til alle ungar som slumpar til å lese dette: Du skal jaggu vere glad for at du får gå på skule og har friminutt og lekser og blyantkvessar og ballbinge og helg.