Torsdag 17. februar arrangerer Fiskeridirektoratet ope møte om hausting av tare i Florø.

Som kjent er det mange som har uttalt seg kritisk til denne aktiviteten som skjer på gode og fiskerike plassar.

No arrangerer altså Fiskeridirektoratet Region Vest møte om problemstillinga førstkommande torsdag.

– Vi legg møtet til Florø mellom tidene til sør- og nordgåande ekspressbåt på ettermiddag slik at folk frå heile fylket kan få det med seg, seier regiondirektør Hans Cato Haddal i Fiskeridirektoratet Region Vest.

Han seier at representantar for både næring, forsking og forvalting har sagt seg viljuge til å stille på eit møte om taretråling.

Temaet for møtet er forvalting av tang og tare i Norge.

Innleiarar er Henning Steen, Havforskingsinstituttet, Jostein VeaFMC Biopolymer, Terje Halsteinsen, Fiskeridirektoratet og Hans Cato Haddal, regiondirektør Region Vest.

I tillegg ynskjer Haddal at dei som er opptekne av denne aktiviteten eller temaet kan få delta på møtet.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende