Ein mann klarte å komme seg ut av eit brennande bustadhus på Stårheim i Eid natt til torsdag ved eiga hjelp.

Brannen vart meldt klokka 03.26 natt til torsdag.

Brannvesenet, ambulanse og politi rykte ut til staden

I følgje NRK Sogn og Fjordane var folk i ferd med å sløkkje brannen med vatn då Brannvesenet kom fram. Ein fekk raskt kontroll over brannen, og politiet melder torsdag morgon at huset ikkje har vore overtent.

Politiet viste då ikkje årsaka til brannen.

Mannen som var åleine i huset, klarte å komme seg ut ved eiga hjelp.

Han vart sendt til Nordfjord sjukehus for kontroll, men det er ikkje meldt om alvorleg skade.

Saka vert vidare etterforska av lensmannskontoret på Nordfjordeid.