Måndag 13. mars vert siste avgang frå Anda klokka 22.15 og frå Lote klokka 23.00

Tysdag 14. mars vert første avgang frå Lote klokka 05.30 og frå Anda klokka 05.45

I tidsrommet ferja ikkje går, blir det heller ikkje mogleg for utrykkingskøyretøy å passere.

Vedlikehaldsarbeidet skulle eigentleg vore utført i desember, men vart utsett på grunn av dårleg vêr, med vind og høge bølgjer.

– Vi veit at det er ikkje populært å instille ferjer i eit så trafikkert samband som Anda-Lote, men i eit ferjesamband med så hyppige avgangar er det stor slitasje på utstyr og materiell. Dette krev ettersyn og vedlikehald, seier Audun Borlaug i Statens vegvesen  i ei pressemelding.

Det blir lagt opp til å gjere arbeidet unna på ei natt.

– Det får vi til ved å skifte ut eit heilt element, i staden for å nytte oss av tidkrevjande sveisearbeid på plassen som måtte utførast i to operasjonar, seier Borlaug.